Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Mika

Mika

1. kapitlet

1 Herrens ord, som kom til Mika frå Moreset i dei dagarne då Jotam og Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.

2 Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord og alle som på deg bur! No vil Herren, Herren vitna imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel.

3 For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi.

4 Og fjelli brånar under føterne hans, og dalarne rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfyre ein hamar.

5 Og alt dette fær me for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?

6 So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein vinplantingsstad. Eg vil velta steinarne hennar ned i dalen og leggja grunnvollarne hennar berre.

7 Alle dei utskorne bilæti hennar vil eg krasa; alle horegåvorne hennar vil eg brenna upp med eld; og alle gudebilæti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla deim i hop, og til horeløn skal dei atter verta.

8 For dette vil eg øya og jamra, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil øya som sjakalarne og gjeva syrgjelåt som strussarne.

9 For såri hennar let seg ikkje lækja, for det kjem radt til Juda, det når til porten åt folket mitt, radt til Jerusalem.

10 Kunngjer det ikkje i Gat! Gråt ikkje so sårt! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.

11 Burt med dykk, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-ha-Esel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.

12 For dei som bur i Marot, lengtar etter lukka; for ulukka hev fare ned frå Herren til porten i Jerusalem.

13 Beit tråvaren for vogni, de som bur i Lakis! de var upphavet til syndi for dotteri Sions; for hjå dykk vart Israels fråfall fyrst funne.

14 Difor lyt du gjeva Moreset-Gat skilsmålsbrev. Husi i Akzib vert ein svikal bekk for Israels kongar.

15 Endå ein gong let eg landvinnaren koma yver dykk som bur i de Maresa. Radt til Adullam skal Israels herlegdom koma.

16 Raka deg og klypp deg, i sorg yver kjæleborni dine! Gjer deg snaud til gagns som gribben; for dei vert førde burt ifrå deg.

2. kapitlet

1 Usæle dei som tenkjer ut urett og fyrebur vondt, med dei ligg på lega si. Straks det lyser av dag, set dei det i verk! for di det stend i deira magt.

2 Og dei lystar etter annan manns åkrar og ranar deim, etter hus og tek deim. Dei gjer vald både mot mannen og huset hans, både mot bonden og eigedomen hans.

3 Difor taler Herren soleis: Sjå, eg vil tenkja ut det som vondt er imot denne ætti, og de skal ikkje få til å smetta halsarne dykkar utor eller ganga so bratte i nakken heretter. For det vert ei vond tid.

4 Den dagen skal sume kveda ei nidvisa um dykk og sume syngja ein syrgjesong, og dei skal segja: «No er det slutt,» segjer dei, «reint til avgrunns me gjekk. No skifter han arven ut som folket mitt fekk. Sjå, kor han tek han ifrå meg! Gardarne våre no eiga skal folk som burt ifrå Herren fall.»

5 So skal du ingen hava som strekkjer mæletråd kring jord i Herrens lyd.

6 «Haldt upp med denne preikingi!» So preikar dei. «Um slikt skal dei ikkje preika! Det er då ikkje måte på hædingsord!»

7 Er dette sømeleg tale, du Jakobs hus? Er Herren kanskje brålyndt? Hev gjerningarne hans synt noko slikt? Er ikkje mykje heller ordi mine gode imot den som fer reideleg åt?

8 Men alt lenge hev no folket mitt reist seg imot meg som uvenerne mine: De dreg kåpa av klædi på folk som fredsame gjeng vegen sin framum, og ikkje vil vita av strid.

9 Kvinnorne i folket mitt driv de ut ifrå heimarne deira, som var gleda deira; frå borni deira tek de for alle tider prydnaden min.

10 Upp med dykk og gakk dykkar veg! For dette er ikkje nokon kvilestad, for den sulking skuld som valdar tyning, ja, skræmeleg tyning.

11 Kom ein med vind og svik og laug og sagde: «Eg vil preika for deg um vin og sterk drykk,» sjå det vilde vera ein preikar for dette folket!

12 Samla, ja, samla vil eg deg, Jakob, so mange du er; sanka, ja, sanka eg leivningen av Israel. Eg vil føra deim saman som sauer til ei kvi, som ein buskap til sitt beite, so det vert dyn av menneskje.

13 Vegbrøytaren fer fyre deim; dei bryt seg igjenom og stimar fram gjenom grindi og slepp ut; kongen deira fer fyre deim, og Herren er i brodden for deim.

3. kapitlet

1 Og eg sagde: Høyr, de Jakobs hovdingar, og de fyrstar for Israels hus! Høyrer det ikkje dykk til å vita kva som er rett?

2 De som hatar det gode og elskar det vonde, de som flår skinnet av folk og kjøtet av beini deira,

3 de som et mitt folks kjøt og riv hudi av deim, og beini deira bryt de sund, og breider deim ut liksom i ei gryta, liksom kjøtet ein legg i panna.

4 Då skal dei ropa til Herren; men han skal ikkje svara deim; dylja skal han si åsyn for deim på den tidi, av di dei gjorde det som vondt var i si åtferd.

5 Soleis talar Herren mot dei profetarne som vildrar folket mitt, mot deim som ropar: «Fred!» når dei fær noko å bruka tennerne sine på, men som eggjar til heilag strid mot deim som ikkje stikk dei noko i munnen.

6 Difor skal natt koma yver dykk utan syn, og myrker utan spådom. Ja, soli skal ganga ned yver profetarne, og dagen skal verta myrk yver deim.

7 Og sjåarane skal skjemmast, og spåmennerne blygjast; dei alle skal hylja skjegget sitt, sidan det ikkje kjem noko svar frå Gud.

8 Men eg, eg er full av kraft ved Herrens ande og av rettskjensla og mannsmod, so eg kann vitna for Jakob um hans fråfall og for Israel um hans synd.

9 Høyr dette, de hovdingar for Jakobs hus, og de fyrstar for Israels hus, de som styggjest ved det som er rett og krøkjer alt som er beint,

10 de som byggjer upp Sion med blod og Jerusalem med urett -

11 hovdingarne der dømer for mutor, prestarne lærer for løn, og profetarne spår for pengar, alt medan dei styd seg på Herren og segjer: «Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.»

12 Difor skal for dykkar skuld Sion verta pløgd som ein åker og Jerusalem skal verta til steinrøysar, og tempelberget til skoghaugar.

4. kapitlet

1 Men det skal ganga so i dei siste dagarne, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera fast tufta på toppen av dei andre fjelli, og lyfta seg skal det upp yver høgderne; og folkeslagi skal strøyma upp på det.

2 Og mange heidningefolk skal ganga av stad og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell og til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss um vegarne sine, og me kann ferdast på stigerne hans.» For ifrå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord ifrå Jerusalem.

3 Og han skal døma millom mange folkeslag og skifta rett for megtige heidningfolk, jamvel um dei bur langt burte. Då skal dei smida sverdi sine um til hakkor og spjoti sine til hageknivar. Folki skal ikkje lenger lyfta sverd mot kvarandre, og ikkje meir læra seg til å føra krig.

4 Men kvar og ein skal sitja under sitt vintre og sitt fiketre; og ingen skal skræma deim, for Herrens, allhers drotts, munn hev tala.

5 Alle folkeslagi ferdast, kvart i sin guds namn; men me ferdast i Herrens, vår Guds, namn æveleg og alltid.

6 På den dagen, segjer Herren, skal eg samla dei haltande og sanka i hop dei burtdrivne og deim som eg hev fare vondt med.

7 Og eg vil gjera dei haltande til ein leivning, og deim som var drivne langt burt, til eit mangment folk. Og Herren skal vera konge yver deim på Sions fjell frå no og til æveleg tid.

8 Og du hyrding-tårn, du dotter Sions haug! Til deg skal det koma nå, ja, koma, det forne veldet, kongeveldet til dotteri Jerusalem.

9 Men kvifor skrik du no so høgt? Finst det då ingen konge i deg? Eller er rådgjevaren din komen burt, etter di rider hev gripe deg, som ei fødande kvinna?

10 Vrid deg og anka deg, du dotter Sion, som ei kvinna som føder! For no lyt du ut or byen og bu ute på marki, og koma heilt til Babel! Der skal du verta frelst; der skal Herren løysa deg ut or handi på fiendarne dine.

11 No hev mange heidningfolk samla seg imot deg, og dei segjer: «Ho skal verta vanhelga, so augo våre kann få sjå på Sion med lyst!»

12 Men dei kjenner ikkje Herrens tankar og skynar ikkje hans rådgjerd; for han hev samla deim som kornband på treskjarstaden.

13 So reis deg då og tresk, du dotter Sion! for eg vil gjeva deg horn av jarn og klauver av kopar, so du kann knustra mange folk; og herfanget deira skal du bannlysa åt Herren, og skattar deira til allheims drott.

14 No flokkar du deg saman, du dotter «flokk». Skansar hev dei kasta upp imot oss. Med staven slær dei Israels domar på kinnbeinet.

5. kapitlet

1 Men du Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom bygderne i Juda, frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.

2 Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner.

3 Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds, høge namn; og dei skal sitja trygt; for no skal han vera stor, til endarne av jordi.

4 Og han skal vera fred. Kjem Assur inn i landet vårt, stig han inn i borgerne våre, so reiser me imot honom sju hyrdingar, ja, åtte menneskje-hovdingar.

5 Og dei skal herja Assurs land med sverd, og Nimrods land alt inn i portarne; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.

6 Og leivningen av Jakob skal vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, liksom regnskurer på gras, som ikkje biar på mann eller ventar på menneskjeborn.

7 Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningarne, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar. Ho slær ned når ho fer fram, og riv sund, og det er ingen som bergar.

8 Høg vere di hand yver uvenerne dine! Må alle fiendarne dine ryddjast ut!

9 Og det skal ganga soleis på den dagen, segjer Herren, då vil eg rydja ut alle hestarne du hev hjå deg, og øyda vognerne dine.

10 Og eg vil rydja ut byarne i landet ditt og riva ned alle borgerne dine.

11 Og eg vil rydja alle trolldomskunster utor henderne på deg; og spåmenner skal ikkje lenger finnast hjå deg.

12 Eg vil rydja ut dei utskorne gudebilæti dine og minnesteinarne dine, som du hev hjå deg, so du ikkje meir skal bøygja kne for det som henderne dine hev laga.

13 Og eg vil riva upp Astarte-stolparne dine or landet ditt, og byarne dine vil eg øyda.

14 Og i vreide og harm tek eg hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.

6. kapitlet

1 Høyr kva Herren segjer: Reis deg! Før di sak for fjelli! Lat haugarne høyra di røyst!

2 Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren fører sak med folket sitt, og med Israel vil han ganga til doms.

3 Mitt folk, kva hev eg gjort deg? Kva hev eg trøytta deg med? Svara meg!

4 Eg førde deg då ut or Egyptarlandet, og frå trælehuset løyste eg deg ut; og Moses og Aron og Mirjam sette eg i brodden for deg.

5 Mitt folk! Kom i hug det Balak, kongen i Moab, var meint på, og det Bileam Beorsson svara honom! Kom i hug ferdi frå Sittim til Gilgal, so du kann skyna Herrens rettferdsverk!

6 Kva skal eg stiga fram for Herren med, bøygja meg med for Gud i det høge? Skal eg stiga fram for honom med brennoffer, med årsgamle kalvar?

7 Vil Herren hava hugnad i tusund verar, i ti tusund oljebekkjer? Skal eg ofra min fyrstefødde for mitt brot, mi livsfrukt til syndoffer for mi sjæl?

8 Nei, han hev sagt deg, menneskje, kva som godt er; for kva krev Herren av deg anna enn at du skal gjera det som rett er, leggja vinn på kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud?

9 Høyr kor Herren ropar til byen - og det er visdom å ottast namnet ditt -. Høyr straffi, og kven det er som hev fastsett henne!

10 Finst det endå i huset åt den gudlause rangfenge skattar og undermåls skjeppemål, som er bannstøytt?

11 Kunde eg vera rein dersom eg bruka svikefulle vegtar og hadde falske lodd i pungen?

12 Du by med rikfolk, fulle av urett, og dei som bur der, talar lygn og hev ei falsk tunga i munnen sin!

13 So vil då eg og slå deg so det gjer vondt, leggja deg i øyde for dine synder skuld.

14 Du skal eta, men ikkje verta mett, og tom skal du alltid kjenna deg. Du kann flytja, men du skal ikkje berga. Og det du bergar, skal eg gjeva åt sverdet.

15 Du skal så, men ikkje få hausta. Du skal pressa olivor, men ikkje få salva deg med olje. Du skal pressa druvesaft, men ikkje få drikka vin.

16 For fyreskrifterne åt Omri agtar dei vel på, og all gjerning av Ahabs hus, og etter deira råder er det de ferdast, for eg skal gjera deg til ei skræma og ibuarane dine til spott, og vanæra yver folket mitt skal de bera.

7. kapitlet

1 Usæl eg! For meg hev det gjenge som når sumarfrukti er innhausta, som når ettersankingi etter vinhausten er slutt; det finst ikkje ei einaste druva til å eta, ikkje ei einaste tidlegfika, som eg kunde havt hug på.

2 Den gudlege er burtkomen or landet, og det finst ingen ærleg mann millom menneski. Alle i hop ligg dei på lur etter blod; kvar og ein vil fanga den andre i garnet sitt.

3 Med båe hender arbeider dei på å gjera det vonde godt. Fyrsten kjem med krav, og domaren er til fals for pengar, og storkaren taler ope ut um det som han hev hug på. Soleis snur dei det til.

4 Den beste av deim er som ein klunger, den ærlegaste verre enn eit klungergjerde. Dagen åt vaktmennerne dine, di heimsøkjing kjem. No vert dei forfjetra.

5 Tru ikkje på nokon ven! Lit ikkje på nokon kjenning! For henne som ligg i famnen din, må du vakta din munns dører!

6 For sonen vanvyrder far sin, dotteri set seg upp imot mor si, sonekona imot vermor si, ein manns husfolk er fiendarne hans.

7 Men eg vil skoda etter Herren, eg vil venta på Gud som frelser meg. Min Gud vil høyra meg.

8 Gled dykk ikkje yver meg, du min fiende! Er eg falli, so reiser eg meg upp att. Sit eg i myrkret, so er Herren ljoset mitt.

9 Herrens vreide vil eg bera, for eg hev synda mot honom, til han tek saki mi upp og hjelper meg til retten min. For han skal leida meg ut i ljoset. Med gleda skal eg sjå på hans rettferd.

10 Måtte ho få sjå det, ho som er uvenen min, og skammi sveipa seg kringum henne som segjer til meg: «Kvar er han, Herren, din Gud?» Augo mine skal sjå på henne med fysnad. No skal ho verta nedtrakka som skarn på gata.

11 Det kjem ein dag då dei skal reisa murarne dine upp att. Den dagen skal grensorne dine verta vide.

12 Den dagen skal dei koma til deg heilt frå Assur og frå byarne i Egyptarland, ja, frå Egyptarland og alt til Storelvi, og frå hav til hav og frå fjell til fjell.

13 Men jordi skal verta ei øydemark for deira skuld som bur på henne, for slik frukt ber gjerningarne deira.

14 Gjæt folket ditt med staven din, den buskapen som du hev ervt, han som bur for seg sjølv i skogen på Karmel! Lat deim beita i Basan og Gilead liksom i forne tider!

15 Ja, liksom i dei dagarne då du gjekk ut or Egyptarlandet, skal de få sjå underlege ting.

16 Heidningarne skal få sjå det og skjemmast ved alt sitt velde. Dei skal verta nøydde til å leggja handi på munnen. Øyro deira skal verta dauve.

17 Dei skal slikka mold liksom ormen, liksom makkarne som aular på jordi, skal dei koma skjelvande fram or borgerne sine. Med rædsla skal dei koma fram til Herren, vår Gud; og dei skal ottast deg.

18 Kven er ein Gud som du? Han tek burt synd og tilgjev brot for deim som er att av hans arv. Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid. For han hev hug til miskunn.

19 Atter skal han miskunna oss og trakka ned vår skuld. Du skal kasta alle synderne deira i havsens djup.

20 Du skal syna Jakob truskap og Abraham miskunn, soleis som du hev svore åt federne våre i gamle dagar.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024